Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk
På biletet ser vi frå venstre Unni Lærnes og Boris Karas som kalkar grunnen etter Vest Tank-ulykka.
Foto:
Erlend Haukeland/Scanpix

Vest Tank-ulykka

19.01.2012 kl 10:39

Del: Les høyt Skriv ut

Den 24. mai 2007 eksploderte ein tank ved bedrifta Vest Tank i Sløvåg i Gulen kommune. Eksplosjonen var svært kraftig og gjorde at ein av tankane for oppbevaring av oljehaldig avfall ved anlegget blei lyfta av fundamentet sitt og slengd inn i ein fjellvegg. Eit anna resultat av eksplosjonen var at tankar i nærleiken som inneheldt oljeprodukt (nafta), tok til å brenne.

 

Ingen kom alvorleg til skade ved eksplosjonen og i brannen etterpå, men kontorbygget på anlegget og fleire tankbilar blei totalskadde. Røyken frå brannen spreidde seg over eit stort område, og etter hendinga har mange som kvar dag oppheld seg nær anlegget, opplevd sjukdom og ubehag, blant anna kvalme, oppkast og sår hals. Hendinga fekk folk som budde i nærleiken, til å kjenne seg utrygge.

 

Yrkesmedisinsk avdeling på Haukeland sjukehus har starta ei helseundersøking av befolkninga i det utsette området. Undersøkinga skal gå fram til 2013 og kartleggje sjukdomstilfella.

ARTIKKELEN HANDLER OM

Evaluering av hendinga

Lokale, regionale og nasjonale styresmakter har laga ein erfaringsrapport etter ulykka ved Vest Tank. 

Det er viktig å finne erfaringspunkt og trekkje lærdom frå store hendingar slik at styresmaktene kan styrkje evna til krisehandtering.

Rapporten (pdf) kan lastes ned her