Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Kva er farlege stoff?

19.01.2012 kl 11:48

Del: Les høyt Skriv ut

Farlege stoff er stoff og stoffblandingar som kan valde skade på helse, miljø og materielle verdiar. Farlege stoff kan utgjere ein alvorleg risiko både under transport og når dei blir handterte i industrien.

 

Farlege stoff og stoffblandingar kan ha ulike eigenskaper som gjer dei potensielt farlege. Farlege stoff kan for eksempel klassifiserast på denne måten:

  • Giftige stoff
  • Brannfarlege stoff
  • Eksplosive stoff

 

Det gjeld eit strengt regelverk for handtering av farlege stoff. Dette regelverket krev blant anna at det blir gjennomført tiltak for å redusere risikoen ved handteringa. Tiltaka skal både gjere det mindre sannsynleg at det skjer ulykker, og avgrense skadane når ulykkene skjer. Det blir brukt stadig meir av farlege stoff og transportert stadig meir av slike stoff, og mange transportruter går gjennom tettbygde strøk.

 

Det er sjeldan vi opplever alvorlege ulykker med farlege stoff i Noreg. Men når dei skjer, kan konsekvensane bli store. Dei siste ti åra har det i gjennomsnitt vore litt over 60 ulykker i året i samband med transport av farleg gods. I 2008 blei det meldt inn 33 uhell, frå bedrifter som oppbevarer, behandlar eller produserer stoff som er brannfarlege eller eksplosive.

ARTIKKELEN HANDLER OM

Giftinformasjonen:

Døgnåpen telefon 22 59 13 00

 

På oppdrag frå Miljøverndepartementet har miljødirektorata utvikla nettsidene Miljøstatus i Noreg.

Her kan du blant anna finne informasjon om farlege stoff:

miljøstatus.no

 

Også på Miljødirektoratet sine nettsider finn du informasjon om farlege stoff og produkt:

http://miljodirektoratet.no/