Uhell med farlege stoff

Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Uhell med farlege stoff

19.01.2012 kl 10:24

Del: Les høyt Skriv ut

I verksemder der ein handterer farlege stoff, kan det skje uhell som kan få alvorlege konsekvensar for menneske, miljø og materielle verdiar. Det kan skje uhell både ved produksjon og oppbevaring og under intern transport på området til verksemda. Ein kan redusere risikoen ved å etablere gode tryggingsrutinar.

 

Verksemder som handterer farleg stoff, skal lage ein beredskapsplan og etablere ein god nok eigenberedskap med dei varslings- og innsatsplanane som høyrer til. Ein god nok beredskap inneber at verksemda skal vere i stand til å hindre, oppdage, stanse, fjerne og avgrense verknaden av ei eventuell hending.

 

Styresmaktene stiller særleg strenge krav til beredskapen ved verksemder som handterer store mengder farlege stoff, og der eit eventuelt uhell av den grunn kan få store konsekvensar. Disse verksemdene fell inn under regelverket i storulykkeforskrifta. Dei fleste av dei har også plikt til å etablere eit industrivern med personell som er trena spesielt med tanke på å handtere hendingar som kan oppstå i anlegget. Dei største av disse verksemdene har òg plikt til å ha eigne røyk- og kjemikaliedykkarar. Dette skal vere eit tillegg til mannskapa til det lokale brannstellet.

 

Folk som bur nær ei verksemd som handterer farlege stoff, har eit særleg krav på å få informasjon om den risikoen som verksemda fører med seg. Verksemda skal ha ein eigen beredskap for å informere folk som får situasjonen sin påverka av ei eventuell ulykke der det er innblanda farlege stoff.

ARTIKKELEN HANDLER OM