Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Kven handterer ei atomhending?

22.12.2011 kl 13:21

Del: Les høyt Skriv ut

Ved ei atomhending som påverkar situasjonen i Noreg, kjem Kriseutvalet for atomberedskap straks saman. Det er Statens strålevern som leier dette utvalet, som har representantar for forskjellige styresmakter.

 

Den nasjonale beredskapen ved ei atomhending er bygd opp rundt Kriseutvalet for atomberedskap. I Kriseutvalet for atomberedskap er det med folk frå Statens strålevern, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Forsvaret, Helsedirektoratet, Mattilsynet, Politidirektoratet, Kystverket og Utanriksdepartementet. Det er Statens strålevern som leier dette utvalet.

 

Kriseutvalet for atomberedskap skal leie og handtere arbeidet i den første og viktige fasen. Det skal følgje nøye med på utviklinga og heile tida vurdere om det er nødvendig å setje i verk tiltak i Noreg. Det er også utvalet som avgjer kva for tiltak som eventuelt skal setjast i verk. Hovudoppgåva til kriseutvalet er å verne liv, helse, miljø og viktige samfunnsinteresser.

 

Til kriseutvalet for atomberedskap er det knytt rådgivarar med spesiell kompetanse i atomberedskap. I tillegg er Statens strålevern til hjelp med fagkompetanse og medverkar til å hente inn informasjon og stille saman måleresultat.

 

Fylkesmannen er bindeleddet mellom dei sentrale styresmaktene og kommunane. Under ei atomhending skal Fylkesmannen medverke til at det blir sett opp beredskapsplanar og sett i verk tiltak lokalt og regionalt. Det skjer med rettleiing frå Kriseutvalet.

 

Kommunen skal formidle informasjon som er viktig for lokalsamfunnet ditt, og får ei sentral rolle dersom det blir behov for å gjennomføre tiltak og tilpassingar lokalt.