Kva er ei atomhending?

Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk
Reaktor 4 i Tsjernobyl.
Foto:
Colourbox

Kva er ei atomhending?

22.12.2011 kl 10:35

Del: Les høyt Skriv ut

Atomhendingar er ulykker og hendingar der det er involvert radioaktivitet med konsekvensar for liv, helse, miljø eller andre viktige samfunnsinteresser.

 

Det er seks scenario av moglege atomhendingar som ligg til grunn for oppbygnaden til den norske atomberedskapen. Regjeringa har vedteke at det skal vere slik.

 

Dei seks scenarioa er:

Hendingar ved anlegg i utlandet som gir stort utslepp til lufta, og der den forureina lufta kan kome inn over Noreg og påverke situasjonen i større eller mindre delar av landet, for eksempel slik det skjedde ved Tsjernobyl-ulykka i 1986

 

Eit stort utslepp til lufta frå anlegg eller andre verksemder i Noreg, for eksempel frå norske atomanlegg

 

Ei lokal hending i Noreg eller norske nærområde utan tilknyting til ein bestemt stad, for eksempel ei hending med eit reaktordrive fartøy

 

Ei lokal hending som utviklar seg over tid før ho blir oppdaga, for eksempel som da Aleksandr Litvinenko blei forgifta i London i 2006

 

Eit stort utslepp til havet i Noreg eller i norske nærområde, eller rykte om omfattande forureining i havet eller på land, for eksempel som da den russiske atomubåten Kursk havarerte i 2000

 

Alvorlege atomhendingar i utlandet utan direkte konsekvensar for norsk territorium

ARTIKKELEN HANDLER OM