Atomhending - kva gjer du?

Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Atomhending - kva gjer du?

22.12.2011 kl 14:01

Del: Les høyt Skriv ut

Det viktigaste er at du lyttar til råd som styresmaktene gir. På det nasjonale nivået er det Statens strålevern og Kriseutvalet for atomberedskap som kjem til å informere innbyggjarane.

 

Du kjem til å finne lenkjer til relevant informasjon på www.kriseinfo.no.

 

Du bør også følgje med på informasjon som kjem frå Fylkesmannen og kommunen der du bur.

 

Ved ei atomhending er Fylkesmannen eit bindeledd mellom dei sentrale styresmaktene og kommunane i regionen. Dersom det er aktuelt med lokale tilpassingar til situasjonen, er det kommunen som skal informere om kva for tiltak som blir gjennomførte, og kva du skal gjer eller ikkje gjere som innbyggjar.

 

Dersom du blir bedd om å halde deg innandørs:

Dersom det er venta mykje radioaktivitet i lufta eller på bakken, kan det kome råd om at det er tryggast å halde seg innandørs. Lat att dører, vindauge og luftekanalar og steng av ventilasjonen. Er du er usikker på om du har vore utsett for radioaktivitet, kan du ta ein dusj og skifte klede. Kjem du utanfrå, bør du leggje att sko og klede ute.

 

Dersom det er område som blir sperra av:

Respekter sperringane og plukk ikkje opp framandelement i omgivnadene.

 

Dersom du er usikker på om maten er trygg:

Er du usikker, så hald deg til mat som er kjøpt i ein butikk. Slik mat er kontrollert av styresmaktene.

 

Dersom du er usikker på om du kan drikke og bruke vatn frå springen:

Følg med på informasjon som kjem frå styresmaktene, og følg dei råda som blir gitt.

 

Jodtablettar:

I visse situasjonar kan styresmaktene rå til å bruke jodtablettar for å minske risikoen for alvorlege helseskadar. Da bør du følgje med på informasjonen og råda frå styresmaktene når det gjeld distribusjon og inntak av tablettane.

 

I utlandet:

Dersom du har tenkt å reise til eit område der det nyleg har vore radioaktiv forureining, kjem Utanriksdepartementet til å gi deg råd om kva du bør gjere og ikkje gjere.