Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Om Kriseinfo

Kriseinfo.no er ein nettportal som gir samla informasjon frå norske styresmakter før, under og etter kriser. På kriseinfo.no finn ein den offisielle informasjonen frå styresmaktene samla på ein stad, og portalen skal gi ålmenta den informasjonen dei søkjer. Her kan innbyggjarane finne kriseinformasjon utan at dei må kjenne til korleis oppgåver og ansvar er fordelt mellom styresmaktene.

18.07.2011 kl 09:34

Del: Les høyt Skriv ut

Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som driftar kriseinfo.no. Ein fast redaksjon jobbar med det permanente innhaldet og følgjer samtidig med på kva som skjer i samfunnet. Dersom det er hendingar eller kjem varsel frå styresmaktene som kan få konsekvensar for befolkninga, blir dette publisert på portalen.

 

I kriser og ved større uønskte hendingar gir kriseinfo.no eit samla bilete av kva som skjer, kva du bør gjere, og kva for styresmakter som gjer kva. Alt som blir publisert på portalen, er allereie publisert på nettsidene til styresmaktene, og portalen viser deg vidare til desse nettsidene via lenkjer.

 

Målet er å vere tilgjengeleg og lett å bruke for så mange som råd.

 

FØR ei krise kan du lese om beredskapssystemet i Noreg, kva som kan skje, og kva du kan gjere for å minske konsekvensane ved ei hending så mykje som råd. Du kan også lese om aktuelle saker som har med beredskap og krisehandtering å gjere. Du kan finne informasjon om korleis beredskapen i Noreg er bygd opp, og kva for etatar som har ansvaret for dei ulike områda.

 

UNDER ei krise finn du oppdatert, samla og koordinert informasjon om den uønskte hendinga eller krisa. På portalen er det lenkjer til kriseinformasjon hos styresmaktene og andre aktørar som er ansvarlege for å informere i kriser og ved uønskte hendingar. Informasjonen er koordinert av den etaten som leier krisearbeidet og har oppdatert informasjon til befolkninga.

 

ETTER ei krise kan du finne informasjon om korleis styresmaktene held fram med arbeidet for dei som er ramma, og om kva som blir gjort for at folk skal kunne vende tilbake til ein normal kvardag. Det blir også lagt ut lenkjer til rapportar, evalueringar og oppfølging  av hendingar og kriser.

 

Det faste innhaldet på portalen er laga i eit samarbeid mellom redaksjonen og dei ansvarlege styresmaktene.