Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Tunellbrann

19.01.2012 kl 15:56

Del: Les høyt Skriv ut

Noreg har over 1000 vegtunellar. Ein brann i ein tunell er ei utfordring både for bilistar og redningsmannskap. Det er fordi sterk varme og mykje røyk kan gjere det vanskeleg, om ikkje umogleg, å rømme ut av tunellen. Av same grunn kan det også vere vanskeleg for redningsmannskapa å gjere ein innsats for å sløkkje brannen.

 

Ein tunell er eit byggverk der det i utgangspunktet er to alternative rømmingsvegar. Ved ein brann kan den eine vere sperra av tett røyk. Dei fleste tunellane er utstyrte med mekanisk ventilasjon, slik at røyken blir transportert i éi retning. Dei som er på den rette sida, kan da klare å ta seg ut av tunellen utan vanskar, men dei som er på den sida der røyken blir transportert ut, kan få større vanskar med å kome seg ut. Det same gjeld for redningsmannskapa. Dei må alltid angripe hendinga med ventilasjonen i ryggen.

 

Det er Statens vegvesen som har ansvaret for at vegtunellar blir bygde så brannsikre som råd og i samsvar med dei materielle og organisatoriske krava som er sette opp for å minske risikoen for brann i tunellar. Det er brannstellet som har ansvaret for å sløkkje brannar i tunellar.