Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Informasjon om vegtrafikk

19.01.2012 kl 15:45

Del: Les høyt Skriv ut

På nettsidene til Statens vegvesen finn du oppdaterte veg- og trafikkmeldingar for heile landet.

 

Trafikkulykker, havari, ras, flaum og andre hendingar på vegen får ofte store konsekvensar for vegnettet. Vegtrafikksentralane (VTS) har ansvaret for å overvake vegnettet kontinuerleg. VTS skal kontrollere at det ikkje skjer noko som utgjer ein fare for trafikken på vegar og bruer og i tunellar. Hendingar som har konsekvensar for framkoma på vegsystemet, blir varsla via veg- og trafikkmeldingssystemet til Vegvesenet.

 

Dersom du vil ha informasjon om ei strekning du skal køyre, eller har opplysningar om forhold som verkar inn på framkoma på vegen, kan du melde inn dette ved å ringje til Vegvesenets publikumstelefon på telefonnummer 175.