Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Kven har ansvaret for vegtransporten?

25.01.2013 kl 10:30

Del: Les høyt Skriv ut

Når det skjer ei ulukke, enten det er på veg eller bane, på tog eller fly, har naudetatane ansvaret for det operative redningsarbeidet. Når det gjeld tryggleiken på riksvegene, ligg ansvaret hos Statens vegvesen.

 

Vegene i Noreg er eigd av enten private, kommunane, fylkeskommunar eller staten. Riksvegane er eigd av staten. Som vegadministrasjon for staten på riksvegene og for fylkeskommunane på fylkesveg skal Vegvesenet ta vare på, planlegge, utvikle, drifte og vedlikehalda vegene på ein optimal måte for brukarane og samfunnet elles. Riksvegferjene er også Statens vegvesen sitt ansvar.   

 

Vegvesenet fører dessuten tilsyn og kontroll med dei som ferdast på vegane – noko som er svært viktig for trafikktryggleiken.

 

I saker som gjeld riksvegene, ligg Statens vegvesen under Samferdselsdepartementet. I saker som gjeld fylkesvegene, ligg Vegvesenet under fylkeskommunane.

 

Vegtrafikksentralane (VTS)
Statens vegvesen sine vegtrafikksentralar (VTS) skal overvake vegnettet kontinuerleg og kontroller at det ikkje skjer noko på veger, bruer og i tunnelar som utgjer ein fare for trafikken. Trafikkulukker, havari, ras, flaum og andre hendingar på vegen får ofte store konsekvensar for vegnettet. Der det oppstår hendingar, skal vegtrafikksentralane vere kontaktpunktet mellom Statens vegvesen, politiet og redningsetatane og dessutan sørge for god trafikkregulering og trafikkstyring på vegene.

 

Det er fem vegtrafikksentralar: Bergen, Trondheim, Mosjøen, Oslo og Porsgrunn. VTS skal i tillegg svare på spørsmål frå trafikantane på Statens vegvesen sin telefon 175.  

 

Statens vegvesen sine VTS-ar har i tillegg ansvaret for ei vegmeldingsteneste som tek imot og handsamar innrapporteringar om veg-, føre-, ver- og trafikkforhold som har å gjere med vegnettet. Oppgåva omfattar også lage veg- og trafikkmeldingar til trafikantane, som formidlast via internett, radio,tekst-tv eller mobile mottakarar.

 

Vegdirektoratet

Statens vegvesen er organisert i to forvaltningsnivå; Vegdirektoratet og fem regionar. Vegdirektoratet har ansvaret for den overordna leiinga og styringa av Statens vegvesen. Det er Vegdirektoratet som skal sørge for at etaten når dei måla Stortinget og regjeringa vedtek. Vegdirektoratet forvaltar dei ressursane som Stortinget og regjeringa løyver og stiller til disposisjon for Vegvesenet.

 

Regionvegkontora

Regionvegkontora (nord, midt, vest, sør og aust) skal utføre det staten og fylkeskommunen vedtek i vegsaker. I tillegg administrerer regionvegkontora det som har med vegane å gjere, i kontakten med staten, fylkeskommunane, kommunane og naboar til vegnettet.

 

Statens havarikommisjon for transport

Statens havarikommisjon for transport er eit forvaltningsorgan med ansvar for å undersøkje ulykker og hendingar innanfor luftfart, vegtrafikk, sjøfart og jernbanedrift. Undersøkingane har til formål å forbetre tryggleiken og førebyggje ulykker i transportsektoren.

 

ARTIKKELEN HANDLER OM

Statens vegvesen

Ligg under Samferdsledepartementet og fylkeskommunane.

Er delt inn i Vegdirektoratet og 5 regionar.

Planlegg, bygger og held riks- og fylkesvegene ved like.

Har ansvar riksvegferjene.

Fører tilsyn og kontroll med trafikantar og køyretøy. 

 

Statens vegvesen sine vegtrafikksentralar (VTS)

Telefonnummer: 175

Overvaker vegene.

Svarar på spørsmål.

Er oppdatert på kva som skjer på vegene.

Held kontakt med politiet, brannvesen, ambulanse og Statens vegvesen.

Sender veg- og trafikkmeldingar på nett, radio og tekst-tv.