Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Transportulykke med farleg gods

04.01.2012 kl 09:51

Del: Les høyt Skriv ut

Her er nokre anbefalingar om kva du skal gjere dersom du kjem ut for ei hending der det er innblanda farleg gods.

 

Ved ei hending ute:

Dersom du oppdagar ei hending der det er innblanda farleg gods, er det ein generell regel at du ikkje skal nærme deg staden for hendinga.

 

Er du på vindsida, det vil seie har vinden i ryggen, skal du flytte deg til ein stad som er skjerma.

 

Kontakt brannstellet på telefon 110. Gi opp namnet, adressa eller staden der du er, og følg instruksjonane frå brannstellet.

 

Dersom du – i samråd med brannstellet på 110 – meiner at du står på ein trygg plass, skal du prøve om du kan observere frå der du er, for eksempel

  • om det er skadde
  • om det er lukt, røyk (fargen)
  • merkinga (oransje skilt, talkodar, faresetlar)
  • typen av transportmiddel (lastebil, tankbil, tog)
  • firmanamnet på bilar
  • bilnummer
  • andre lokale faktorar (vindretninga, kjennskap til bedrifter i nærleiken osv.)
  •  Er du ikkje på vindsida, det vil seie har vinden imot deg, og kjenner gass- og/eller røyklukt, skal du flytte deg raskt på tvers av vindretninga til du ikkje lenger kjenner lukta.

 

Ring brannstellet på 110 og følg retningslinjene ovanfor.

 

Utandørs, nær heimen:

Er du på vindsida:

  • Gå inn i heimen din.
  • Lat att dører og vindauge og slå av eventuelle ventilasjonssystem.
  • Ring brannstellet på telefon 110 og følg retningslinjene ovanfor.

 

Er du ikkje på vindsida, men kjenner gasslukt:

  • ikkje nærmare heimen din.
  • Flytt deg raskt på tvers av vindretninga og prøv å ta deg inn i eit hus eller ein bygning.
  • Dersom det ikkje finst hus eller bygningar du kan kome deg inn i, skal du halde fram på tvers av vindretninga til du ikkje lenger kjenner gasslukt.
  • Ring brannstellet på telefon 110 og følg retningslinjene ovanfor.

 

Er du innandørs:

  • Hald deg innandørs, gå ikkje ut!
  • Lat att vindauge og dører og slå av eventuelle ventilasjonssystem.
  • Ring brannstellet på telefon 110 og følg retningslinjene ovanfor.