Tryggleik på jernbanen

Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Tryggleik på jernbanen

05.01.2012 kl 10:33

Del: Les høyt Skriv ut

Jernbanen er eit av dei tryggaste transportmidla vi har, men ulykker med tog kan få store konsekvensar, og derfor blir det stilt særleg store krav til tryggleiken. Det finst ei rekkje tekniske og manuelle tryggingsrutinar som skal sørgje for at toga kjem trygt fram.

 

Signalanlegget gir trygg togtrafikk

Alle som reiser ein del med tog eller følgjer med i media, har høyrt om signalanlegga. Formålet med signalanlegga er å sørgje for at toga kan køyre trygt på jernbanespora. I tillegg sørgjer signalanlegga for at toga kjem fram så raskt og punktleg som råd, at togtrafikken er god, og at kapasiteten på jernbanespora blir utnytta maksimalt.

 

Ei ulykke med tog kan få alvorlege konsekvensar. Derfor er signalanlegga konstruerte slik at verken menneskeleg svikt eller tekniske feil skal kunne føre til ulykker.

 

Feil gir raudt lys

Om det oppstår feil eller unormale hendingar på ei jernbanelinje, blir dette registrert av eit tryggingsanlegg, og dei aktuelle signala blir automatisk sette i stopp (raudt lys). Tryggingsanlegga gir grønt lys berre når alt fungerer som det skal. Ved den minste feil som kan påverke tryggleiken, skal signala vise raudt. På tryggingsanlegga kan for eksempel ei defekt lyspære i eit signal gjere at toget ikkje får klarsignal. Dermed kan tryggingsrutinane gi det vi som passasjerar opplever som «unødvendige» forseinkingar.

 

Toga blir fjernovervaka

Toga blir køyrde av ein førar som får informasjon frå signal og skilt langs sporet. Raudt lys tyder som nemnt stopp, nett som på vegnettet. På fjernstyrte strekningar er det ein togleiar som fjernovervakar togframføringa, og denne leiaren har heile tida kontroll over kvar dei ulike toga er. På elektrifiserte strekningar kan togleiaren gripe inn ved å slå av kontaktleidningsspenninga dersom situasjonen skulle bli farleg.

 

Fjernstyring av tog

Fjernstyring av tog (Centralized Traffic Control, CTC) inneber at tryggingsanlegga på stasjonane kommuniserer med ein fjernstyringssentral, som blir styrt av ein togleiar. Ein kan seie at fjernstyrte stasjonar er betente av ein togleiar døgnet rundt. Fjernstyring gjer det mogleg for toga å krysse på stasjonar utan at stasjonen er betent av ein togekspeditør. Togleiaren kan stille signal for inn- og utkøyring av tog på stasjonane og programmere kryssingar av tog der. På nye system grip togleiaren normalt berre inn når det er feil, i og med at fjernstyringa elles går automatisk. Fjernstyringssystemet er i seg sjølv ikkje ein del av tryggingssystemet, men eit hjelpemiddel for å effektivisere togdrifta – «den forlengde armen til togleiaren».

 

Togekspeditøren

På alle stasjonar som ikkje er fjernstyrte, må det vere ein togekspeditør. Togekspeditøren skal sørgje for at tryggleiksreglementet for togframføring på stasjonane blir følgt. Etter kvart som fleire og fleire togstrekningar blir fjernstyrte, har talet på togekspeditører blitt redusert.

 

Vegsignal

Jernbaneverket har også eit ansvar for stader der jernbanelinja kryssar veg, såkalla planovergangar, både på og mellom stasjonane. Når toget passerer eit visst punkt før planovergangen, blir vegtryggingsanlegget aktivisert. Da får den kryssande vegtrafikken raudt lys, og bommen blir senka.

 

ARTIKKELEN HANDLER OM