Ein skipskollisjon

Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk
Under øvinga SkagEx11 blei det øvd på scenarioet skipskollisjon

Ein skipskollisjon

18.01.2012 kl 12:30

Del: Les høyt Skriv ut

Tenk dersom eit passasjerskip mistar manøvreringsevna som følgje av ein teknisk svikt og kolliderer med ein fullasta oljetankar. Det tek til å brenne om bord på passasjerskipet. På 45 minutt blir tankskipet brote i to, og store mengder råolje lek ut.

 

Sjølv om sjøtransport er ei relativt trygg form for transport, kan ein skipskollisjon få alvorlege følgjer. Ved sida av tap av menneskeliv eller folk som blir skadde, er dei største konsekvensane først og fremst langtidsskadar på naturen og miljøet. Eit utsleppsscenario som dette kan få konsekvensar for eit stort geografisk område. Omfanget er avhengig av kva for type olje som blir sleppt ut, eigenskapane til oljen, verforholda dei nærmaste dagane og kor mykje olje ein får teke opp dei nærmaste døgna. Det kan vere snakk om miljøeffektar som varer i fleire år.

 

Det kan gå ut over sårbare område, kulturminne og det høvet folk har til friluftsliv. Kor store følgjene blir for sjøfuglar, marine pattedyr og strandhabitat, kjem blant anna an på tidspunktet for utsleppet, kvar utsleppet skjer, og kva som finst av sårbare økosystem i det området som blir ramma.

 

Kor store konsekvensane for liv og helse kan bli, kjem an på omfanget av kollisjonen og brannen, kvar på skipet brannen tek til, og korleis brannen utviklar seg. Dei direkte økonomiske kostnadene ved eit slikt scenario har samanheng med blant anna tap av last og skip og kor store dei materielle øydeleggingane blir. Samtidig kan dette få konsekvensar for fiske og fiskeoppdrett i dei ramma områda. Når så arbeidet med opprydding i tillegg tek fleire år, blir det totale økonomiske tapet betydeleg.

 

Same kor mange førebyggjande tiltak ein set i verk, kan ein ikkje hindre alle ulykker til sjøs. Beredskap som kan hindre eller minske omfanget av skadar når ulykka skjer, har mykje å seie for dei samla konsekvensane. Det er først og fremst skipsmannskapet sjølv som tar hand om beredskapen på sjøen, ved hjelp av dei tekniske varslings- og sløkkjesystema om bord. I tillegg er sjøbaserte og landbaserte ressursar som Kystvakta og somme landbaserte brannstell (RITS-brannstell) førebudde på å gi hjelp ved brannar og andre ulykker.

 

For å handtere miljøkonsekvensane er det ein eigen beredskap mot akutt forureining. Den norske beredskapen på dette området er eit samarbeid mellom privat beredskap, kommunal beredskap og statleg beredskap. Det er ein av hovudredningssentralane som leier redningsinnsatsen til sjøs (sjøredninga), anten direkte eller gjennom ein lokal redningssentral (LRS). Ved akutt forureining blir aksjonen leidd anten av Kystverkets beredskapsavdeling eller eit interkommunalt utval mot forureining (IUA).