Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk
Foto:
DSB

Brannstellet og redningsinnsats til sjøs

19.01.2012 kl 15:01

Del: Les høyt Skriv ut

Etter brannen på Scandinavian Star i 1990 blei brannlova endra slik at alle brannstell i landet som høyrer til kysten, fekk ei plikt til å hjelpe til ved brannar og andre ulykkessituasjonar i sjøområde nær norskekysten.

 

”Plikt til å hjelpe” inneber at kommunar som har skipsanløp, særleg anløp av passasjerskip, må sørgje for at brannstellet i kommunen øver på å hjelpe til ved brann og ulykker om bord i skip.

 

I tillegg har staten gjort avtale med sju brannstell langs norskekysten som skal ha ein spesiell kompetanse og ein spesiell beredskap for å yte redningsinnsats til sjøs (forkorta RITS) dersom ein kaptein ber om hjelp. Den spesielle beredskapen blir gjerne kalla RITS-ordninga. Brannstell som har ei RITS-ordning, skal kunne hjelpe til i sjøområde i heile landet. Det finst brannstell med RITS-ordning i Oslo, Larvik, Sør-Rogaland, Bergen, Ålesund, Salten og Tromsø.

 

Det er hovudredningssentralane som tek avgjerder om RITS-innsats.