Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Ansvar ved ulykker om bord i skip

19.01.2012 kl 14:56

Del: Les høyt Skriv ut

Reiarlaget og kapteinen på det enkelte skipet har sjølv ansvaret for tryggleiken om bord. Dei har også ansvaret for at reglar og tryggingsprosedyrar blir følgde. Skipet skal ha livbåtar og redningsvestar om bord til alle passasjerar og alt mannskap.

 

Reiarlaget og kapteinen på skipet har òg ansvaret for den interne handteringa av ulykker på skip på sjøen. Det er kapteinen på skipet som leier redningsarbeidet om bord, og alle redningsressursar som blir sette inn for å handtere ei hending, skal vere ei hjelp til kapteinen.

 

Hovudredningssentralane

Det er hovudredningssentralane (HRS) som har ansvaret for å koordinere redningsaksjonar i Noreg, også sjøredningsaksjonar. Hovudredningssentralen i anten Bodø (HRS Nord-Noreg) eller Stavanger (HRS Sør-Noreg) leier koordineringa. HRS kan eventuelt peike ut ein koordinator på ulykkesstaden, gjerne eit anna fartøy i nærleiken som kan koordinere redningsinnsatsen lokalt på vegner av HRS.

 

HRS har ei rekkje ressursar som kan nyttast når ein hjelper eit skip i ein nødssituasjon. Først og fremst er dette ressursar som er til stades på sjøen, slik som Kystvakta, redningshelikopter, Redningsselskapet og andre fartøy. Som i alt anna redningsarbeid er førsteprioriteten også ved ulykker til sjøs å berge liv og verne helsa til folk. Så gjeld det å verne naturmiljøet og eventuelle materielle verdiar som skip og gods. Men dette er det andre enn HRS som tek hand om og koordinerer.

 

Kystverket

Kystverket har ansvaret for akutt forureining. Kystverket hjelper hovudredningssentralane med ressursane sine der det trengst, og mobiliserer samtidig nødvendige ressursar for oljevernaksjonar. Det blir sett i verk ein oljevernaksjon når ein av hovudredningssentralane meiner det er tilrådeleg, vurdert ut frå redningsaksjonen. Også Kystverket har fullmakt til å nytte både statlege, kommunale og private oljevernressursar etter behov.

 

Sjøfartsdirektoratet

Sjøfartsdirektoratet har ansvaret for dei reglane som gjeld for standardane og utrustinga til skip og for opplæringa av mannskapa. Dette ansvaret utøver direktoratet gjennom ”sjøfartslovgivinga”. I ein redningsaksjon er Sjøfartsdirektoratet rådgivar for hovudredningssentralane. I ein oljevernaksjon er Sjøfartsdirektoratet rådgivar for Kystverket.

 

Sjøfartslovgivinga stiller krav til beredskapen på skipet. Dette er krav til for eksempel tekniske sløkkjesystem mot brann, kapasiteten til evakuering og at skipet har brann- og redningsberedskap for alle situasjonar som kan oppstå. Førebygging og beredskap er altså eit ansvar som er lagt til skipet og reiarlaget.