Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk
Risikoen for dataangrep er større enn nokon gang.
Foto:
Colourbox

Korleis rammar dataangrep?

19.01.2012 kl 18:19

Del: Les høyt Skriv ut

Risikoen for dataangrep er større enn nokon gong, og truslane spenner frå politisk aktivisme på nettet til økonomisk kriminalitet, etterretning, sabotasje og terror.

 

Eit dataangrep kan ramme på ulike måtar. Det siste året har angrep frå ulike grupperingar, for eksempel Anonymous, både lamma nettsider og gjort at sensitiv informasjon har blitt lagd ut på nettet. Den økonomiske kriminaliteten på Internett er i kraftig vekst, og ein oppdagar stadig fleire forsøk på dataspionasje mot norske verksemder. 

 

Angrep på viktige samfunnsfunksjonar 

Eit dataangrep kan gjere alvorleg skade. Innbrot i prosess- og styringssystem kan gi kontroll over viktige funksjonar i samfunnet, som kraftproduksjon, raffineridrift, vassforsyning og reinseanlegg, eller manipulere viktig informasjon. Så langt har det ikkje vore dataangrep mot slike funksjonar i Noreg, men risikoen for eit større koordinert angrep har auka. Dei siste åra har både Estland og Georgia blitt utsette for større angrep, og i 2010 var det for første gong eit angrep mot atominstallasjonar i Iran.

 

Det er vanskeleg å vite sikkert kva for konsekvensar eit angrep mot viktige samfunnsfunksjonar kan få. Derfor må slike system ha et høgt nivå på tryggleiken.

ARTIKKELEN HANDLER OM

NorCERT er det nasjonale senteret for handtering av alvorlege dataangrep mot samfunnskritisk infrastruktur og informasjon i Noreg. Les om:

E-post

Nettsider

USB-media

Råd om bruk av minnepinne (pdf)