Straumbrot og rasjonering i Steigen kommune

Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk
I januar 2005 kollapsa hovudleidningen som forsynte Steigen med straum.
Foto:
Colourbox

Straumbrot og rasjonering i Steigen kommune

18.01.2012 kl 09:17

Del: Les høyt Skriv ut

Under eit uver om natta den 24. januar 2007 kollapsa hovudleidningen som forsynte Steigen kommune i Nordland med straum. Leidningen blei så nedisa at tre master kollapsa under vekta. Det dårlege veret i området gjorde at det tok tre dagar før arbeidet med å reparere leidningen kunne ta til.

 

Reservelinja braut saman 

Det viste seg raskt at reservelinja som skulle tryggje straumforsyninga om hovudlinja braut saman, ikkje tolte den belastninga ho blei utsett for. Derfor måtte det innførast rullerande utkopling i store delar av Steigen kommune. Kvar husstand i dei områda der straumen blei rasjonert, fekk straum i to timar to gonger i døgnet. Kommunen fekk att straumen 30. januar.

 

Dei fleste klarte seg bra 

Dei aller fleste som budde i Steigen, klarte seg bra gjennom perioden med straumrasjonering, og hendinga fekk ikkje alvorlege konsekvensar for livet og helsa til nokon. Men situasjonen blei omtalt som vanskeleg for eldre og pleietrengande som budde heime.

ARTIKKELEN HANDLER OM