Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk
Straumrasjonering vil påverke kvardagen til folk.
Foto:
Colourbox

Straumrasjonering- korleis kjem folk til å oppleve det?

19.01.2012 kl 11:53

Del: Les høyt Skriv ut

Tenk dersom du hadde tilgang på straum i berre åtte timar av døgnet og du verken kunne bruke e-post eller mobiltelefon.

 

Det kan bli realiteten ved straumrasjonering. Tenk deg dette scenarioet: Det kjem fleire år på rad med lite nedbør og lange, kalde vintrar. Samtidig er det lite kraftimport på grunn av feil i straumnettet eller feil i utanlandske kraftverk. Styresmaktene koplar inn gasskraftverk, men det monar lite fordi fyllingsgraden i fleire vassmagasin er ekstremt låg, og mange kraftverk må redusere straumproduksjonen.

 

Private hushald får straumkvoter 

I ein slik situasjon kan det hende at kraftkrevjande industri blir kopla ut, og at privathushald får kvotar med så og så mykje straum som dei kan bruke kvart døgn. Det er behov for å prioritere sjukehus og andre kritiske samfunnsfunksjonar, for eksempel vatn og matforsyning.

 

Straumen til private hushald blir kopla ut i store delar av døgnet. Situasjonen med straumutkopling kan vare i fleire veker.

 

Konsekvensar ved straumrasjonering 

Korleis kjem rasjoneringa til å påverke kvardagen til folk? Særleg IKT-system som Internett, fasttelefonnettet og mobiltelefonnetta blir ramma, fordi dei er avhengige av straum. Det kan også bli problem med å betale med bankkort i butikkar og å ta ut pengar i minibankar. Bensinpumpene kan vere ute av drift, og det blir redusert tilgang på bensin.

 

I tillegg kan mangel på straum til trafikksignalsystema valde forseinkingar og problem i tog- og vegtrafikken. Dette er konsekvensar som fleire tusen personar får kjenne på kroppen. Uvisse og uro for utviklinga i framtida kan føre til hamstring, særleg av matvarer og drivstoff.

 

Fare for liv og helse? 

Er denne situasjonen ein fare for liv og helse? Ja, dersom straumrasjoneringa blir langvarig. Blant anna er mangel på varme ei alvorleg utfordring vinterstid, særleg for einslege eldre og sjuke. Ein reknar òg med at det kjem til å skje fleire ulykker som følgje av straummangelen. Samtidig blir den evna styresmaktene har til å respondere ved ulykker og andre akutte situasjonar, sterkt redusert. Grunnen er at svikt i tele- og sambandsnetta gjer det vanskeleg å varsle. Straumutfalla kan gi opphav til dødsfall.

ARTIKKELEN HANDLER OM