Kva er straumrasjonering?

Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk
Ved straumrasjonering innføres eit fordelingssystem der det blir redusert tilgang på straum.
Foto:
Colourbox

Kva er straumrasjonering?

18.01.2012 kl 09:14

Del: Les høyt Skriv ut

Ved straumrasjonering innfører styresmaktene eit fordelingssystem der det blir redusert tilgang på straum. Kven som blir ramma, og kor sterkt, kjem an på kor alvorleg situasjonen på kraftmarknaden er.

 

Kvotar eller rullerande utkopling

Dei to vanlegaste måtane å organisere straumrasjonering på er med kvotar og rullerande utkopling. Dersom styresmaktene innfører kvotar til privathushald, kan kvar husstand få ei viss mengd straum som husstanden kan bruke, kvart døgn. Forbruk ut over kvoten blir svært dyrt. Kvoten kjem til å vere lågare enn det vanlege forbruket, og husstanden må sjølv velje korleis han ønskjer å bruke straumen.

 

Dersom styresmaktene innfører rullerande utkopling, får husstandane tilgang på straum berre i delar av døgnet. Vanlegvis kjem du da til å få tilgang på straum om morgonen og om kvelden, da ein reknar med at behovet er størst.

 

Fleire årsaker til rasjonering 

Det kan vere fleire årsaker til at styresmaktene set i verk straumrasjonering. Men nesten all den elektrisiteten vi bruker i Noreg, kjem frå vasskraft, så dersom det blir straumrasjonering her i landet, er det mest sannsynleg fordi det er lite vatn i elvar, bekker og magasin. Dette kan skje dersom det gjennom lang tid fell lite nedbør. Det kan også bli innført straumrasjonering fordi det er svikt i systema for straumleveranse, eller fordi det er nokon som medvite skader viktig infrastruktur.

 

Ønskjer å unngå 

Styresmaktene ønskjer å unngå straumrasjonering så langt det lèt seg gjere. Dersom kraftsituasjonen i Noreg er anstrengd, er det ei rekkje andre tiltak og løysingar som blir sette i verk først. Blant anna kan kraftselskapa prøve å kjøpe straum frå utlandet. Det viktigaste omsynet ved straumrasjonering er at rasjoneringa ikkje går ut over livet og helsa til folk.  

 

Robust system 

Noreg har eit robust system, så det er lite sannsynleg at større område blir ramma av straumrasjonering over lang tid. Ein kan likevel ikkje sjå heilt bort frå at det kan skje.

ARTIKKELEN HANDLER OM