Redningssentralane

Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Redningssentralane

I Noreg har vi to hovudredningssentralar og mange lokale redningssentralar.

18.01.2012 kl 22:44

Del: Les høyt Skriv ut

Hovudredningssentralene

Hovudredningssentralene har det overordna operative ansvaret for å koordinere og samordne redningsaksjonar i Noreg. Hovudredningssentralene koordinerer direkte ved alle luft- og sjøhendingar, medan oppgåva blir delegert vidare til ein lokal redningssentral (LRS) ved dei fleste hendingar på land.

 

Politimeistrane i Salten og Rogaland er dei øvste leiarane for høvesvis HRS Nord-Noreg og HRS Sør-Noreg. Dei er formenn for den såkalla kollektive redningsleiinga, som er eit kollegium av representantar for Forsvaret, Avinor, helsemyndighetene, DSB, Kystverket og Telenor. Redningsleiinga møtest regelbunde ved Hovudredningssentralen for å oppdatere kvarandre når det gjeld status innanfor eigen organisasjon som kan påverke redningstenesta.

 

Ved alvorlege og langvarige hendingar kan den kollektive redningsleinnga også bli kalla saman til støtte for koordineringa av arbeidet med hendinga. I tillegg kan det kallast inn rådgivarar frå offentlege og private institusjonar eller organisasjonar, alt etter situasjonen.

 

Den daglege leiinga ved kvar hovudredningssentral består av ein avdelingsdirektør og to inspektørar. Redningsaksjonane blir koordinerte av redningsleiarar. Det er alltid minst to redningsleiarar på vakt ved kvar hovudredningssentral.

 

Under hendingar der det blir stor pågang frå media, kallar ein inn eigne pressemedarbeidarar så raskt som råd for å betene pressa på best mogleg vis.

 

Begge hovudredningssentralane er samlokaliserte med Telenor Maritim Radio, som betener den maritime kystradioen. Dette medverkar til at ein kan reagere raskt når det kjem inn nødmeldingar på den maritime nødfrekvensen.

 

Lokal redningssentral (LRS)

Kvart politidistrikt i landet utgjer ein lokal redningssentral (LRS). Det same gjer Sysselmannen på Svalbard,

 

LRS blir nytta når det er aktuelt å samordne og koordinere redningsaksjonar på land, eller når HRS av andre grunnar vel å nytte LRS til støtte for redningstenesta. LRS rapporterer til HRS.

 

Det er politimeisteren i det respektive politidistriktet som står i spissen for den kollektive redningsleiinga på LRS-nivået. Denne leiinga er elles samansett av representanter for brannstellet, helsestellet, losstellet, hamnestellet, Forsvaret, Sivilforsvaret og Telenor, alt etter korleis og kor omfattande ulykkeshendinga er. Til dagleg er det polititenestemenn og andre personar som det kan vere formålstenleg å ha med i den enkelte redningsaksjonen, som utgjer LRS.

 

Sjølv om det er LRS som har ansvaret for den lokale koordineringa av ein redningsaksjon, blir ikkje kommunen friteken frå ansvaret for å avgrense dei materielle skadane ved ei hending. Kommunen har også ansvaret for å skaffe fram dei ressursane LRS ber om for å ta hand om menneske som blir ramma. Blant anna skal kommunen sørgje for innkvartering av evakuerte dersom det blir nødvendig.

Se også:
 

Politiet