Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Redningsressursar

18.01.2012 kl 22:50

Del: Les høyt Skriv ut

Det finst ei rekkje offentlege, frivillige og kommersielle ressursar som HRS og LRS gjer bruk av under ein redningsaksjon. Av dei offentlege ressursane er det berre redningshelikoptra til 330-skvadronen av merket Sea King som er øyremerkte for redningstenesta. Til saman seks helikopter står dag og natt på basane Banak, Bodø, Ørland, Florø, Sola og Rygge med ein beredskap på 15 minutt.

 

Helsestellet, brannstellet, politiet og Forsvaret er også sentrale offentlege ressursar som blir nytta til redningsteneste enda dei til dagleg har andre primæroppdrag. Redningsselskapet er ein avgjerande del av beredskapen til sjøs, både gjennom redningsskøytene med fast bemanning og sjøredningskorpsbåtane, som har frivillige om bord.

 

Dei frivillige er elles ryggrada i landredningsressursane i den norske redningstenesta. Det er særleg ved leiteaksjonar i skog- og fjellterreng at dei kan stille store lokalkjende og trena styrkar til rådvelde. I tillegg er det frivillige spesialgrupper som er trena i oppgåver som samband (kommunikasjon), strandredning, redning i bratt terreng og redning i grotter i tillegg til søk med hund og småfly.

 

Dei ca. 25 000 medlemmene i desse organisasjonane yter truleg to–tre millionar gratistimar i året for redningstenesta. Medlemmene er med på å bringe vidare den stolte norske dugnadsånda som redningstenesta er bygd på.

Hovudredningssentralen har laga eit oversyn over nokre av dei ressursane som kan brukast innanfor redningstenesta. 

Offentlege ressursar:

330 skvadronen (redningshelikopter)

Politi

Forsvaret/Kystvakta

Brannstell - RITS

Helsestell - AMK/region

Sivilforsvaret - FIG

Kystverket (Trafikksentraler/Los)

Statens kartverk

Meteorologi (DNMI)

Lufttrafikktenesta (Avinor)

Jernbaneverket

Hamnestellet

Utanlandsk bistand

 

Frivillige organisasjonar:

Redningsskøyter/-korps

Raudekrossen (Norges Røde Kors hjelpekorps)

Norsk Folkehjelp

Speidarar

Norske redningshunder

Norsk Aeroklubb (NAK)

Norsk Radio Relæ Liga (NRRL)

Alpingrupper

Andre

 

Kommersielle aktørar:

Helikopterselskap

Reiarlag

Fiskefartøy

Handelsfartøy

Operatørselskaper

Telenor

Andre