Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Norsk redningsteneste

18.01.2012 kl 22:40

Del: Les høyt Skriv ut

Nasjonalt byggjer norsk redningsteneste på ei dugnadsånd der ein skal kunne mobilisere alle dei ressursane i samfunnet som eignar seg for akuttinnsats for å redde liv, til innsats i redningstenesta. Dette omfattar både statlege, fylkeskommunale, kommunale og private instansar og dessutan frivillige.

 

Derfor er den offentlege redningstenesta organisert som eit samvirke mellom ei rekkje offentlege etatar, private og frivillige organisasjonar. Redningstenesta er internasjonal i sin natur og er forankra i konvensjonar og planverk som er utarbeidde av FN-organa IMO og ICAO og er ratifiserte av Noreg. Desse dokumenta utgjer hovudrammene for redningstenesta i lufta og på sjøen.

 

Nasjonalt er organiseringa av den norske redningstenesta forankra i ein kongeleg resolusjon av 1980 – “Organisasjonsplan for redningstjenesten i Norge”.

 

Med redningsteneste er det meint den verksemda som er organisert av det offentlege og blir driven når det trengst rask innsats for å redde menneske frå død og skadar i akutte ulykkes- eller faresituasjonar, og der det ikkje finst organ som er oppretta særskilt eller ved særlege tiltak for å ta seg av dette.

 

Redningstenesta er organisert med to hovudredningssentralar (HRS) og 28 lokale redningssentralar (LRS).

 

De to hovudredningssentralane har ansvaret for redningstenestene i kvar sin del av landet; Sør-Noreg og Nord-Noreg. HRS Sør-Noreg ligg på Sola ved Stavanger og HRS Nord-Noreg i Bodø. Grensa mellom ansvarsområda går ved 65 gradar nordleg breidd i sjøområda og på land langs grensa mellom Nord-Trøndelag og Helgeland politidistrikt.

 

Dei lokale redningssentralane, LRS, er knytte til dei ulike politidistrikta og blir leidde av politimeisteren frå det aktuelle politidistriktet.

 

Det er Justisdepartementet ved rednings- og beredskapsavdelinga som har det overordna administrative ansvaret for redningstenesta i Noreg.