Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Internasjonalt samarbeid

17.01.2012 kl 19:37

Del: Les høyt Skriv ut

Sivil beredskap og sivil krisehandtering er i utgangspunktet eit nasjonalt ansvar. Men dei siste åra har større hendingar, særleg naturkatastrofar som tsunamien og orkanen Katrina, vist at sjølv land med solide beredskapsorganisasjonar kan ha behov for hjelp utanfrå i ekstraordinære situasjonar.

 

Naturkatastrofar, industriulykker, terrorhandlingar eller andre uønskte hendingar er ikkje noko nytt innanfor det europeiske risikobiletet. Men samfunnsutviklinga dei siste tiåra har gjort at konsekvensane av denne typen hendingar har potensial til å bli større og ramme annleis enn tidlegare.

 

Ulykker og katastrofar kan også ha grenseoverskridande konsekvensar. Utslepp og ver tek ikkje omsyn til landegrenser.

 

På same måten som Noreg er også andre land og internasjonale organisasjonar opptekne av god samfunnstryggleik. Andre land har erfaringar, system og ressursar som Noreg kan ha nytte av i arbeidet med samfunnstryggleik. Derfor er internasjonalt samarbeid innanfor ramma av regionale og internasjonale organisasjonar med på å styrkje den nasjonale samfunnstryggleiken og beredskapen vår.

 

Samtidig kan Noreg både be om hjelp frå og gi effektiv assistanse til allierte og partnarar.

 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap er det norske kontaktpunktet overfor blant anna EU, NATO og FN på området samfunnstryggleik.

 

Kontaktpunktet er i fortløpande dialog med ulike informasjons- og koordineringssenter i Europa og tek også direkte kontakt med styresmakter i land som blir ramma av ein katastrofe eller ei stor ulykke.