Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Nasjonal krisehandtering

17.01.2012 kl 19:34

Del: Les høyt Skriv ut

I kriser med store konsekvensar for samfunnet blir det på nasjonalt nivå oppretta eit leiardepartement, som da er ansvarleg for den løpande strategiske leiinga av krisehandteringa.

 

Det departementet som er mest påverka av krisa, blir som regel leiardepartement.

 

Leiardepartementet skal ikkje berre leie krisehandteringa, men skal også rapportere og skaffe fram avgjerdsgrunnlag til regjeringas kriseråd og regjeringa.

 

Dersom det er fleire sektorar som er påverka av krisa, kan Justisdepartementet bli leiardepartement. Justisdepartementet har ei samordningsrolle når det gjeld å tryggje ein beredskap og ei krisehandtering som er heilskapleg og koordinert.

 

I ei nasjonal krise skal regjeringa ta politiske avgjerder om dei overordna måla og rammene for krisehandteringa.

 

Regjeringas kriseråd

I mindre alvorlege krisesituasjonar kan leiardepartementet aleine stå for samordninga mellom departementa. Men i meir komplekse krisesituasjonar er det behov for styrkt koordinering mellom departementa. I slike situasjonar trer regjeringas kriseråd i funksjon.

 

Hovudoppgåva til regjeringas kriseråd er å sørgje for strategisk koordinering. Det inneber blant anna å vurdere kva for departement som skal vere leiardepartementet, å sørgje for god koordinering av tiltak som blir sette i verk av ulike departement og etatar, og å sørgje for at informasjonen frå styresmaktene til media, publikum og andre verkar koordinert og samordna.

 

Regjeringas kriseråd har desse faste medlemmene:

  • regjeringsråden ved Statsministerens kontor
  • departementsråden i Justisdepartementet
  • departementsråden i Forsvarsdepartementet
  • departementsråden i Helse- og omsorgsdepartementet
  • utanriksråden i Utanriksdepartementet

 

I tillegg skal rådet i den aktuelle krisa utvidast med departementsrådane i det eller dei departementa som er påverka av krisa. Dersom den aktuelle krisa for eksempel gjeld luftfartssektoren, blir rådet utvida med departementsråden i Samferdselsdepartementet.

 

Krisestøtteeininga

Regjeringas krisestøtteeining (KSE) er det tredje elementet i konseptet for den sentrale krisehandteringa og skal støtte leiardepartementet og regjeringas kriseråd i handteringa av krisa.

 

KSE tek på seg rolla som sekretariat for regjeringas kriseråd på vegner av leiardepartementet. Eininga ligg administrativt og fagleg under Justis- og beredskapsdepartementet. Eininga har kompetanse i strategisk krisehandtering og disponerer kapasitet i form av infrastruktur og personell på ei rekkje område.

 

Under ei krise bidreg KSE med rådgiving og fagleg hjelp til leiardepartementet og regjeringas kriseråd. Dette omfattar blant anna støtte til analysar og utarbeiding av overordna situasjonsrapportar som grunnlag for strategiske avgjerder.

 

Eininga blei etablert 1. januar 2006.

Om Kriseinfo.no

Kriseinfo.no er ein nettportal som gir samla informasjon frå norske styresmakter før, under og etter kriser.

Les meir om kriseinfo.no