Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Lokale og regionale nivå

17.01.2012 kl 19:30

Del: Les høyt Skriv ut

Kommunane

Ei hending skjer alltid i ein kommune, og kommunane er derfor berebjelkane i norsk beredskapsarbeid. For å styrkje samfunnstryggleiken i kommunane er det viktig at det blir sett opp eit oversyn over risikoen og sårbarheita i kvar kommune.

 

Skal ein kunne tryggje ei god handtering i krisesituasjonar, trengst det god førebygging og god beredskap i kommunane. Det er i tråd med nærleiksprinsippet at kommunane har eit ansvar for tryggleiken og beredskapen på det lokale nivået.

 

Kommunane har ansvaret for å sørgje for tryggleiken til alle som er til stades i kommunen på kva tidspunkt som helst. Det inneber at kommunen har ansvaret for beredskapsplanlegginga og krisehandteringa lokalt.

 

Kommunane skal førebyggje ved å ha eit godt planverk, eit kvalitetssikringssystem og oppfølgingsrutinar. Ved ei hending skal kommunane hjelpe til med for eksempel evakuering, innkvartering og forpleiing og også med opprydding og oppfølging etter ei krise.

 

Fylkesmannen

Fylkesmannen er representanten til staten på det regionale nivået og har som den viktigaste oppgåva si å samordne arbeidet med samfunnstryggleik i kommunane. Fylkesmannen skal støtte og samordne krisehandteringa i kommunane og eventuelt setje i verk eigne tiltak.

 

Ved kriser og katastrofar i fredstid er det ofte fleire instansar som er involverte. I slike situasjonar har Fylkesmannen ansvaret for å samordne innsatsen i fylket. Fylkesmannen skal i kriser ha rolla som varslingsformidlar, bistandsytar og samordnar og skal vere bindeleddet mellom dei sentrale og dei lokale styresmaktene.

 

Kvart fylkesmannsembete har eit fylkesberedskapsråd med folk frå regionale fagetatar som har viktige beredskapsoppgåver, og frå frivillige organisasjonar. Fylkesberedskapsrådet er det viktigaste samordningsorganet til Fylkesmannen både i det førebyggjande arbeidet og i krisehandteringa.

 

Fylkesmannen rapporterer også til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Rapporteringa dannar eitt av fleire grunnlag for den analysen og vurderinga DSB gjer av den nasjonale beredskapen. Rapporteringa gir dei sentrale styresmaktene eit overordna situasjonsbilete på tvers av samfunnssektorar.

 

Dersom dei lokale eller regionale styresmaktene ikkje handterer krisa på eiga hand, eller dersom dei treng hjelp, skal dei nasjonale styresmaktene medverke i krisehandteringa. Somme gonger er krisa så omfattande at departementa tek over ansvaret for handteringa.

Om Kriseinfo.no

Kriseinfo.no er ein nettportal som gir samla informasjon frå norske styresmakter før, under og etter kriser.

Les meir om kriseinfo.no