Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Kva er ei krise?

17.01.2012 kl 19:25

Del: Les høyt Skriv ut

Kva folk oppfattar som ei krise, kan variere frå person til person. I kvardagen snakkar vi ofte om små eller store kriser. Det nokre opplever som mindre viktig, kan vere svært viktig for andre.

 

Kva ein opplever som ei krise, er avhengig av situasjonen og er subjektivt, både når det gjeld omstenda rundt hendinga og oppfatningane til den eller dei som blir påverka av situasjonen.

 

 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har definert ei krise slik: ”Ein organisasjon, ein institusjon eller ei verksemd er i ei krise når det oppstår ein situasjon som truar eller kan true kjerneverksemda og/eller truverdet til organisasjonen.” Omgrepet verksemd dekkjer her alt som utgjer ei organisatorisk eining: kommunar, fylke, bedrifter osv.

 

Somme gonger er det hendingar som påverkar situasjonen til mange, eller som får mykje å seie for store delar av landet vårt. Dette er hendingar som krev at styresmaktene må handtere hendinga, anten på lokalt, regionalt eller nasjonalt nivå.

.

Om Kriseinfo.no

Kriseinfo.no er ein nettportal som gir samla informasjon frå norske styresmakter før, under og etter kriser.

Les meir om kriseinfo.no