Hopp til innhold Hopp til søk

Hutrigsøk

Hovudprinsipp for krisehandtering

17.01.2012 kl 19:27

Del: Les høyt Skriv ut

Dei overordna prinsippa ansvar, nærleik, likskap og samvirke ligg til grunn for alt nasjonalt tryggings- og beredskapsarbeid i fredstid.

 

Ansvarsprinsippet inneber at den etaten som har ansvaret for eit fagområde i ein normalsituasjon, også har ansvaret for å handtere ekstraordinære hendingar på området.

 

Likskapsprinsippet tyder at den organisasjonen ein opererer med til dagleg, skal vere så lik som råd den organisasjonen ein har under kriser.

 

Nærleiksprinsippet inneber at kriser organisatorisk skal handterast på så lågt nivå som råd.

 

Samvirkeprinsippet stiller krav til at myndighet, verksemder eller etat har eit sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med forebygging, beredskap og krisehandtering.

 

Det kan oppstå kriser eller alvorleg svikt i samfunnskritiske funksjonar som den enkelte verksemda eller det enkelte sektordepartementet ikkje kan handtere aleine, og der ulike sektorar og interesser må sjåast i samanheng. Men behovet for ei heilskapleg og samordna krisehandtering står ikkje i motstrid med prinsippa for krisehandtering.

Om Kriseinfo.no

Kriseinfo.no er ein nettportal som gir samla informasjon frå norske styresmakter før, under og etter kriser.

Les meir om kriseinfo.no