Det er vanskeleg å vite på førehand kva som kan kome til å skje, men øvingar og risikovurderingar set dei lokale, regionale og nasjonale styresmaktene i stand til å handtere kriser og uønskte hendingar betre.
Derfor er beredskapen i Noreg bygd på planverk, fordeling av ansvar og roller og klare linjer for korleis ein skal handtere ei krise.
Her får du meir informasjon om korleis beredskapen i Noreg fungerer.